Friluftskonsert i Laguneparken i Ørsta

Start: 16:00 Slutt: 19:00 Dato: 12. mai

Friluftskonsert arrangert i samarbeid med Musikk i sentrum i Laguneparken i Ørsta. Konserten er gratis og open for alle!

Artistane på gratiskonserten er singer/songwriter Egil Olsen, Urørt-vinnar JON OLAV (Jon Olav Sandal), Sunnmøre Baarelag og Pikekysz. Alle artistar og band har Ørstatilknyting. 

Egil er anerkjend blant musikkollegaer og meldarar som ein av landets beste, og er kjend for å vere ein meister og humørspreiar på scena. 

JON OLAV er i starten av karrieren, og slo for alvor igjennom med å kome til Urørt-finalen på NRK P3. Der vann han no i mars. 

Sunnmøre Baarelag er nestorane i sunnmørsrocken. Men fengjande låtar og tekstar på Ørsta-dialekt har dei vore til stor inspirasjon for musikkmiljøet på Sunnmøre og utover det.

Pikekysz er eit pop/rock-band som vart starta i 2015. Bandet byrja med å spele coverlåtar, men har etter kvart byrja å spele eigne låtar, og har vore i studio denne våren.

Både Pikekysz og dei andre banda og artistane gler seg til å spele under Bygdepride.

Ta med familie og venner, og ta del i denne konserten for mangfald og glede.