Filmframsyning med Hjørundfjord Filmteater

Start: 19:30 Slutt: 23:30 Dato: 10. mai

Hjørundfjord Filmteater viser filmen "Pride" på Sæbø.

Hjørundfjord Filmteater presenterer filmen "Pride" frå 2014. Det er ein lett hysterisk morosam film, der bygd møter by, der fordommar vert utfordra, og der nye og på førehand utenkjelege vennskap vert knytte. Filmen vert vist i lokala til Sæbø D/S Ekspedisjon, som nokre eldsjeler har teke tak i, og skal utvikle kulturaktivitetar i. Før filmen byrjar vert det eit foredrag om skeive filmar gjennom filmhistoria. Dette vert spennande.

Billettar finn du på Tikkio. Aldersgrense 7 år.

Les meir om filmen her: Pride