Eurovision-party på Rokken

Start: 19:00 Slutt: 02:00 Dato: 12. mai

Kvelden der du kan sleppe laus din indre diva og danse deg sveitt til europeiske rytmar.

Visste du at Italia er einaste landet som alltid syng på morsmålet i internasjonale Melodi Grand Prix? … og at Noreg var det første landet som deltok med dragartistar i den internasjonale finalen? … eller at Belgia har tre offisielle språk, men likevel to gonger har funne på nye språk å syngje på i finalen? På førfesten vil du sjå att nokre av dei beste, raraste og artigaste innslaga frå Eurovision Song Contest-historia.

I panelet: Direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad, tidlegare leiar i Norsk Målungdom Synnøve Marie Sætre og redaktør i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Frå 20.00 syner Rokken Grand Prix på storskjerm. Kom, fest og hei på din favorittlåt! 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Studenthuset RokkenØrsta/Volda Pride og Allkunne, og er ein del av Bygdepride 2018.

Billettar: 25 kr for medlemmar av Rokken og 50 kr for andre. Inngangen gjeld heile kvelden. Prisene vert dobla etter 21.00.