Bygdepride i Aasen-tunet

Start: 14:00 Slutt: 16:00 Dato: 14. mai

Fredag 14. mai inviterer Aasentunet og Bygdepride til samtalar med barnebokdebutanten Geir Egil Eiksund frå Ørsta og teolog Jan Ove Ulstein, som har forska på kyrkja sitt forhold til homofili.

Kampen er ei barnebok om 11 år gamle Andreas, som ein sommardag byrjar å innsjå at han er blitt interessert i den nye guten Viljar. Gjennom boka får vi følgje Andreas på vegen til å både forstå og akseptere dei nye kjenslene sine. Under Bygdepride kjem forfattardebutanten Eiksund til Aasentunet for ein samtale med Ingvild Myklebust Hovden frå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Teolog Jan Ove Ulstein og sokneprest i Volda Kristian Myklebust skal ha ein samtale om kyrkja sitt forhold til homofili. Ulstein har skrive forskingsartikkelen «Å tole kvarandre i kjærleik» om debatten som har gått internt i kyrkja i mange tiår om både teologiske og praktiske problemstillingar.

Aasentunet og Bygdepride ser fram til ei fin stund til refleksjon og open diskusjon om viktige spørsmål. Kafeen og utstillinga er opne, og vi bed publikum elles halde seg til gjeldande smittevernreglar.

Fredag 14. mai kl. 14.00 i Salen

Antal billettar: 55

Pris: 100/50

Billettar: https://checkout.ebillett.no/…/even…/6766686/purchase/setup…

Obs.! Merk at vi berre har plass til 30 i kafeen.