Bygdepride-parade

Start: 15:00 Slutt: 18:00 Dato: 11. mai

Ingen veit kor mange som var med på Bygdepride-paraden i Volda i fjor. Det einaste vi veit er at femti lag og organisasjonar stilte.

I år inviterer vi til ein ny parade. Så lenge privatpersonar, lag, organisasjonar, bedrifter og andre deler våre verdiar om mangfald, likeverd og grenselaus kjærleik, er du og de hjarteleg velkomne. Eige påmeldingsskjema kjem etter kvart. Ruta går frå grusbana ved Volda vidaregåande skule, via Volda omsorgssenter, Volda samfunnshus, Volda rådhus og til Propellhallen/Rokken. Dette vert fest, song, tromming, såpebobler og løye. Og litt alvor.