Bygdepride-parade

Start: 17:30 Slutt: 20:00 Dato: 11. mai

Høgdepunktet i løpet av Bygdepride. Parade gjennom Volda sentrum og appellar ved mellom andre kulturminister Trine Skei Grande og leiar i Ørsta/Volda Pride.

For mange vert høgdepunktet under Bygdepride sjølve paraden i Volda, fredag 11. mai. Vi startar ved Volda omsorgssenter, og turen går gjennom gatene til Propellhallen ved Studenthuset Rokken.

Der vert det appellar ved mellom andre kulturminister Trine Skei Grande og leiar i Ørsta/Volda Pride, Anbjørn Steinholm Frislid.

Paraden skal vere ein folkefest, og vi ynskjer alle velkomne til å vere med, akkurat slik som de er. De kan gjerne kle dykk ut. Ta med godt humør og ver med på å gje paraden ei festleg ramme. Dette skal vere noko folk vil ha gode minne om lenge.

Lag og organisasjonar må gjerne delta. Der set vi pris på at de melder dykk på. Privatpersonar kan sjølvsagt berre kome der og då. Det vert sal av diverse pride-effektar både før og etter paraden. Hugs å vere ute i god tid. Det kan verte folksamt.

Bilete: Reidar Engesbak/BLIKK