Skeiv prat

tysdag 10. mai 17:0019:00

Kva burde vi prate meir om? I Skeiv Prat på Rokken møtast ein liten gjeng skeive for ei open samtale knytt til tema rundt det å vere skeiv.

På Rokken.

Praten på scena tek utgangspunkt i det deltakarane er opptatt av knytt til blant anna identitet, fridom, forståing, solidaritet, og korleis skape betre dialog både innad i det skeive miljøet, og utad. Publikum kan sende inn spørsmål anonymt både før og undervegs i arrangementet. Kva lurer du på? Kva syns du er interessante spørsmål som ein burde ha snakka meir om? Etter praten på scena set Rokken på musikk og praten kan fortsette på borda.

Samarbeid mellom Bygdepride, Human-Etisk Forbund (v/studenthumanist Lone Knutsen og Søre Sunnmøre lokallag), Den Norske Kyrkja (v/studentprest Ruth Eva), Rokken/SiVolda, Høgskulen i Volda og Studentparlamentet.

Tilbake ↩