
I samband med skeivt kulturår og i samarbeid med Bygdepride inviterer Aasentunet til skeiv kulturkveld, onsdag 11. mai.
I Aasentunet.Det vert føredrag om boka Skeive linjer i norsk historie med forfattar Hanne Marie Johansen, samt forfattarsamtale mellom Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun og Geir Egil Eiksund. Bjørn Vatne er samtaleleiar.
Program for kvelden:
18.00 Føredrag med Hanne Marie Johansen
20.00 Forfattarsamtale
Felles billett for begge programpostane.
Om programpostane:
Føredraget til Hanne Marie Johansen tek opp haldningar til likekjønna kjærleik og seksualitet opp gjennom historia og korleis dette har vore sanksjonert. Homoseksuelle blir i historia ofte studert i samanheng med urbane subkulturar, men finns det ikkje også spor etter gruppa i bygdehistoria? Kva kjelder har vi for å følgje desse spora?
I forfattarsamtala skal Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun og Geir Egil Eiksund snakke om litteratur som har vore viktig for dei i barne- og ungdomsåra. Kva bøker tydde ekstra mykje? Var det noko dei sakna i litteraturen dei hadde tilgjengeleg? Bjørn Vatne er samtaleleiar.
Velkomen til ein interessant kveld i tunet!
Billettar:
Vaksen kr. 250,-
Student kr. 150,-
Kulturrabatt for ungdom kr. 150,-