
I denne programposten møter skribent og forfattar Jarl Wåge Line Førre Grønstad frå Skeivt arkiv i ein samtale om det å vere skeiv i by og bygd. Korleis var det å vere homofil i by- og distrikts-Noreg på 1980-talet, og korleis er det i dag?
I Aasentunet.Jarl Wåge er skribent og forfattar, og har mellom anna skrive boka «Kilometervis med forteljingar» og diktsamlinga «Lappeteppe». Han var aktiv i Pluss under AIDS-epidemien i Noreg på 80-talet og er i NRK sin podkast «Hele historien» om HIV-AIDS. Wåge er også forteljar og har vunne forteljarkonkurransen StorySLAM i 2016 og 2022.
Line Førre Grønstad er fagleg leiar i Skeivt arkiv – eit nasjonalt kunnskapssenter for skeiv historie. Førre Grønstad er utdanna bibliotekar og driv mellom anna med kjønns- og seksualitetsforskning.