Regnbogemesse // Ørsta

torsdag 07. mai 17:30 18:30

Velkomen til feiring av kjærleik og mangfald!

I Ørsta kyrkje.

Denne gongen har vi fått med oss Olav Myklebust. Olav er i dag kyrkjeverje i Sande. Han er sjølv homofil og var med på det viktige vigselsvedtaket på Kyrkjemøtet i 2016. Korleis hugsar Olav prosessen frå den gangen? Korleis opplevde han unnskyldniga frå Preses og biskopane i fjor og kva tenkjer han om vegen vidare? Det vert også mykje flott song og musikk, nattverd og lystenning.

Vel møtt!

Tilbake ↩