
Vi markerer opninga av Bygdepride '25 med høgtideleg flaggheising.
Ved Volda rådhus.Vi inviterer alle som ynskjer til å bli med på flaggheising. Ordførar Sølvi Dimmen vil vere til stades og seie nokre ord.
Ta med familie og vener for å sjå regnbogeflagget vaie i vinden og markere byrjinga på årets Bygdeprideveke.
Media er også velkomne til å kome og dekke hendinga.