Bok og bakverk // Nynorsk, kjærleik og Bygdepride

fredag 09. mai 12:0013:00

I kva grad er språkleg frigjering samanfallande med skeiv kamp? Det er eitt av spørsmåla som vert stilt når Aasentunet og Bygdepride inviterer til eit ettermiddagssamkome denne fredagen.

I Aasentunet.

Aasentunet og Bygdepride har samarbeidd sidan starten i 2018. Årets arrangement i tunet følgjer mykje same lest som tidlegare år, med eit samkome i kafeen.

Temaet i år er korleis språk har verka og kan verke som brekkstang for å arbeide for mindretalet.

Det vert innlegg og samtalar mellom Tone Slenes frå Aasentunet, Gudrun Kløve Juul og Yasemin Nurcan Hacioglu frå Høgskulen i Volda og Rune Sæbønes frå Bygdepride. Bjørn Andre Widvey frå Skeivt Arkiv deltek digitalt. Samtaleleiar vert Irene Hareide.

Under innlegga og samtalen vert det mellom anna vist korleis språk og nynorsk har vorte brukt i den skeive kampen i Noreg, korleis Bygdepride medvite brukar nynorsk i deira kommunikasjon og korleis arbeid med språk og Pride vert gjort i andre land.

Arrangementet varer om lag ein time, frå 14.00 til 15.00. Det vert sal av bakverk, kaffi og mykje anna frå kafeen.

Tilbake ↩