Kunstutstilling // Kjærleik er kjærleik

torsdag 12. mai 05:0021:00

Fotografen Eide/Kristin Rødven Eide og kunstnar Åse Huse laga utstillinga "Kjærleik er kjærleik" til Bygdepride 2019. Utstillinga består av kunsttrykk, Digital Grafic Art, som er digitalt mixa bilder av kunstnaren sine fargerike måleri og fotografen sine fotografi av likekjønna par. «Kjærleik er kjærleik» har vorte ei vandreutstilling som i åra sidan har vore utstillt mange stadar på Vestlandet.

I 2. etasje på Spinneriet, Volda.

Kunstnarane fortel om utstillinga:

"4 likekjønna par har sporty stilt opp i studio og vore modellar for oss. Dei har turt å vere personleg og vise følelsar, slik at vi fekk ulike uttrykk for kjærleik på fotografia. Stor takk til alle 8 som har vore med på å gjere utstillinga mogleg.

Vi ynskjer med dette å vise at kjærleiken er den same og like vakker anten den er mellom hetrofile eller homofile og at kjærleiken inneheld nærheit, omsorg, tryggheit, sensualitet, lykke, samhald m.m. som i alle i alle andre forhold. Vonar at vårt bidrag er med på å styrke arbeidet til Pride for å skape større toleranse for mangfald og for å få eit meir likeverdig og inkluderande samfunn for alle."

Kunstutstillinga er open for publikum måndag-laurdag kl. 07:00-23:00 ut mai. Alle kunsttrykka er til sals!

Tilbake ↩