
Velkomen til ei av dei aller første framsyningane av den nye dokumentarfilmen "Tre fedre - ei streit historie om ein skeiv familie".
På Ørsta kulturhus og kino.Tre fedre er ein varm, nær og engasjerande film om Kristopher, David og Sindre som ventar sitt første barn saman. Kristopher gjennomfører svangerskapet som ein av dei første transmenn i Noreg.
Dette blir ein eksklusiv førpremiere lenge før kinopremiera 5. september og vil bli innleia av forfattar, samfunnsdebattant og transaktivist Luca Dalen Espseth. Me håper på å sjå mange av dykk der!
Filmen er regissert av August Baugstø Hanssen og Even Benestad (kjent for Pushwagner og Alt om min far).
MEIR OM FILMEN:
Tre menn sit på venteromet til gynekologen og møter overraskande og nysgjerrige blikk. Kristopher er gravid og ventar sitt første barn saman med Sindre og David.
Etter månadar med nøye planlegging er graviditeten endeleg ein realitet. Kristopher har visst sidan barneskulealder at han ønskte å bli forelder, men etter fjerning av eggstokkar som 18-åring og mange års testosteronbehandling, var ikkje dette sjølvsagt.
I denne varme og sjarmerande dokumentaren følgjer me dei tre fedrene gjennom svangerskapet, fødselen og tidleg barsel. Medan netthetsen og kritiske haldningar mot transpersonar og skeive aukar i samfunnet rundt dei, byggjer dei reir til familien og barnet som skal kome. Er dei klare for det som ventar dei? Og er me klare til å akseptere dei og barnet deira?
Filmen er teksta på norsk.