
I samband med Bygdepride inviterer FRI Møre og Romsdal, Chains og PolyNorge saman til eit sosialt kafétreff.
På Marias restaurant, Volda.Vi møtest søndag 4. mai kl. 18:00, vi spanderer ei eining alkoholfritt om du er medlem.
FRI Møre og Romsdal arbeider for kjønns- og seksualitetsmangfald, og kjempar for like rettar, synligheit og tryggleik for skeive menneske i alle delar av samfunnet.
Chains jobbar for å skape eit trygt og inkluderande miljø for menneske med interesse for BDSM og fetisjisme.
PolyNorge fremjar openheit, kunnskap og fellesskap for relasjonsmangfald.
Dette kafétreffet er eit fint høve til å møte andre som støttar mangfald, anten du kjenner godt til oss frå før eller berre er nysgjerrig på kven vi er. Treffet er for alle, anten du er medlem eller ikkje!
Praktisk info:
Er du usikker på kvar Marias Restaurant ligg, eller ønskjer følgje for å kome dit? Ta kontakt på telefon 41132338. Fadrar frå FRI MR, Chains og PolyNorge er til stades frå 17:30 og kan møte deg utanfor kafétreffet om du ikkje ønskjer å kome åleine.
Treffet er eit sosialt møtepunkt, ikkje eit datingevent. Her handlar det om å bli kjent, byggje vennskap og skape ein hyggjeleg og inkluderande atmosfære.
Vi håper å sjå både kjende og nye ansikt der!