Forfattarmøte med Bjørn Hatterud

laurdag 07. mai 13:0015:00

Som ein tjuvstart på Bygdepride, som startar same kvelden, inviterer biblioteket til eit møte med forfattaren Bjørn Hatterud på ettermiddagen laurdag 7. mai.

På Volda Folkebibliotek.

Hatterud kjem for å fortelje om boka si"Mjøsa rundt med mor". Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Bjørn Hatterud har ei funksjonsnedsetting, er homofil, og klassereisande. I boka tek han for seg korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp. Forteljinga er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.

Arrangementet er gratis og ope for alle!
Vel møtt!

Tilbake ↩