The Queer Experience: A Sit-Down Talk + Fargerik mat og prat

torsdag 08. mai 10:3012:00

Velkomen til ein fargerik mat og prat under Bygdepride – med plass for både god mat og viktige samtalar!

På Høgskulen i Volda.

"The Queer Experience: A Sit-Down Talk" er ein uformell sofaprat der internasjonale skeive studentar deler tankar, erfaringar og refleksjonar rundt det å vere skeiv i ulike kulturar og kontekstar. Samtalen skjer på engelsk.

Etter praten blir det ein fargerik og gratis lunsjbuffet på Folkelivet på Sivert Aarflot-bygget for studentar og andre som vil vere med å markere Bygdepride. På borda ligg det spørsmål som ein kan bruke i samtale og undring saman med andre om tema rundt pride både på bygda og ut i den store verda: solidaritet, fridom, likeverd, menneskeverd, identitet og kjærleik.

Kom som du er – med matlyst, nysgjerrigheit eller behov for ein liten pause i dagen. Her treng du berre vere deg. Det er ingen påmelding og matservering til det er tomt.

Arrangørar: Studentpresten og studenthumanisten i samarbeid med Queers of Volda University College.

Tilbake ↩