
Bygdepride og Stiftinga Viti inviterer til ei lita markering denne ettermiddagen, med formell overrekking av paradebanneret vårt til stiftinga.
På Brudavolltunet.Då det fyrste Bygdepride vart halde, gjekk bileta frå paraden landet rundt. I front gjekk styret i Bygdepride med banneret "kjærleik er kjærleik". Banneret vart ikonisk. I løpet av åra har banneret vorte utslite, men styret i Bygdepride ynskjer at det skal vare for evig. Difor vart det i 2024 vedtekte å gje banneret til Stiftinga Viti, regionmuseet for Sunnmøre.
Fredag 9. mai vert banneret formelt overrekt til Stiftinga Viti på Brudavolltunet i Ørsta. Til stades vert representantar for Viti og Bygdepride. Det vert også kulturinnslag.