Bygdepride på Høgskulen // Mat og prat + is

måndag 08. mai 15:0016:00

Arrangementet er eit samarbeid mellom Bygdepridestyret v/student Tare Reklev Øverbø, og Høgskulen i Volda v/ Studenthumanist Lone E. Knutsen og studentprest Ruth Eva Sollie og resten av Velferdsgruppa og står også på programmet til EksamensBOOST-veka.

På Høgskulen i Volda.

Vi markerar Bygdepride med «Mat og prat + is» på Høgskulen i Volda. Då møtast vi i kantina på BK og et eit gratis middag og har ein hyggeleg prat saman. På borda ligg det samtalekort med tema og spørsmål som kan vere fint å snakkast om kring tema som kjærleik, likeverd, solidaritet, mangfald, identitet, fridom og stoltheit. Det er buffét og mat så lenge det rekk, og om du kjem og ser kortdokumentaren «Bygdehomo» i auditoriet på BK kl. 16.30 kjem du fyst i køa til gratis middag. Etter maten blir det servert isbuffét med mykje godt og fargerikt tilbehør! Vi har også bestilt sol og muligheit for å bruke uteområdet ved BK og ha «kubb» og anna uteleik for dei som vil vere med på det. Brettspel vil også vere tilgjengeleg. Ta deg ei velfortent pause frå eksamensarbeidet og bli med!

Tilbake ↩