Grogg

I seglskutetida var grogg ein drikk blanda av sukkervatn og rom som mannskapet fekk utdelt i daglege rasjonar. No for tida er Grogg ein kvartett som trivst god med musikk frå John Mayer, Marius Müller, spenstig dansbar funkrock og gamle perler fritt oversett frå til dømes dei norske banda Popul Ace og Saft.

Bak trommene i Grogg finn vi Frode Sundnes, på vokal har vi Knut Eilefsen, Frank Utgård trakterer gitaren og på bass finn vi Martin Foldal. Med den moderne og alkoholfrie varianten av Grogg vil det rykke i dansefoten - men du kan og velje å berre hoppe opp og ned, synge med eller berre trampe takta. Karane i Grogg gler seg til å delta på Bygdepride 2024!

Tilbake ↩

Grogg Grogg Grogg